Dæven døtte! No er det heile ti år sidan me gjekk inn i år 2000, pluss/minus eit par timar. Ti år sidan totusentalet (eller nullnulltalet, som dei liker å seia i media) starta, det tiåret me med skrekk (Y2K) og von (flygebilar) venta på. Ikkje mykje av det me trudde skulle henda hendte. Eg er til dømes dritskuffa over at me enno ikkje har fått kommersielle selskapsreiser til kuppelbyar på Månen og Mars, eller at androidar ikkje er vorte ein integrert del av kvardagen vår… Men me har alltids 2010-åra! Same kva, me kunne i alle fall kosa oss med film. Masse film. I følgje IMDb PowerSearch, har eg sett 634 filmar frå dette tiåret.
Eg kunne sikkert ha ramsa opp alle dei 634 filmane her, men det ville vore eit veldig keisamt innlegg. Eg lyt difor kanskje avgrensa meg litt. Ei oppsummering av tiåret, med både gode og dårlege filmar. Du finn dei fordelt på fleire sider.
År for år
Eg har nok sett mest kommersielle filmar i tiåret som gjekk. Eg fylte femten i år 2000, og det er ein alder der det er farleg å ha ein eigen filmsmak. Dei seinare åra har det vorte litt meir variasjon, men brorparten har typisk vore amerikansk blockbusters. Ein og annan ikkje-amerikansk har det sjølvsagt vore. Her er eit lite utval filmar, av varierande kvalitet og opphavsnasjon, sortert på år:
2000 | Wo hu cang long, Wonder Boys, Detektor, X-Men, Requiem for a Dream |
---|---|
2001 | Moulin Rouge!, Das Experiment, Not Another Teen Movie, Elling, Ghost World |
2002 | Kroppen min, Gamle mænd i nye biler, Star Wars: Episode II – Attack of the Clones, Punch-Drunk Love, Spider-Man |
2003 | Oldboy, Smala Sussie, Freddy vs. Jason, Salmer fra kjøkkenet, Terminator 3 |
2004 | Dawn of the Dead, Uno, Shaun of the Dead, Hawaii, Oslo, Sky Captain and the World of Tomorrow |
2005 | Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, Brokeback Mountain, Thomas Hylland Eriksen og historien om origamijenta, Grizzly Man, Corpse Bride |
2006 | Den brysomme mannen, Gymnaslærer Pedersen, Emmas Glück, Casino Royale, Snow Cake |
2007 | The Simpsons Movie, Tatt av kvinnen, Death Proof, Live Free or Die Hard, Ploy |
2008 | Kautokeino-opprøret, Mamma Mia!, Fatso, WALL·E, Star Wars: The Clone Wars |
2009 | Død snø, Watchmen, Drag Me to Hell, The Boat That Rocked, Los abrazos rotos |
Mange minner, på godt og vondt. Og apropos vondt, sjekk ut neste side