Det er ikkje noka løynd; 2007 er eit oppfølgjar-år. Aldri har det vore så tett mellom rekkja av oppfølgjarfilmar, og aldri har eg hatt større tvil til Hollywood. Er det verkeleg ingenting nytt å laga film om? Når det er sagt, må eg innrømma at eg gler meg litt. Eg tykkjer det er artig å gjera eit gjensyn med mine kjente og kjære, og i år er det mange slike gjenforeningar (somme meir attraktive enn andre, sjølvsagt):
- Rocky Balboa
- Hannibal Rising
- Spider-Man 3
- Pirates of the Caribbean – At World’s End
- Oceans 13
- Die Hard 4.0
- Harry Potter og Føniksordenen
- Evan Almighty
- Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer
- Rush Hour 3
- Shrek 3
- 28 Weeks Later
- Jason Bournes Ultimatum
- Sin City 2
- Alien vs. Predator 2
I år kjem det òg ei nyinnspeling av Hairspray. Denne er eg svært usikker på. John Travolta har rolla til Devine, og stiller opp i tjukkdrakt, lauspuppar og parykk. Skeptisk.
Ja, og så må me jo ikkje gløyma nyinnspelingane av Transformers og Teenage Mutant Hero Turtles, nei.
Av filmar som faktisk er litt originale, er eg litt spent på kva Tarantino klarar med Death Proof og Rodrigez med Planet Terror. Vert desse filmane som Sin Shitty? Eg har i alle fall ikkje noko tru på dei. Elles oppmodar eg alle om å sjå Mørk blå nesten sort. Filmen er god, den, men det verkeleg geniale er førfilmen Spandexmann!
Elles har me ein såkalla «biopic» i vente med Miss Potter. Ein «biopic» er ein dramatisert biografisk film om ein kjend eller mindre kjend person, for dei som undrar. Denne filmen handlar om Beatrix Potter, og det er Renée Zellweger som skal bringa Potter attende frå grava. Ewan McGregor speler òg, så denne filmen skal eg heilt klart sjå! Sa eg «biopic»? Vel, Becoming Jane er endå ein slik ein, og handlar om Jane Austen. Men det stoggar ikkje der! Norske kinogjengarar får høve til å komma litt nærmare ein kjend norsk kunstnar i filmen Edvard Munch. Hurra. Denne filmen er forresten ikkje heilt ny (vart vel laga i 1974), men han har aldri vore på kino her til lands før.
Me kan òg venta oss ein ny samisk film frå Nils Gaup. Kautokeino-opprøret er (vonleg) klar til hausten. Norsk film basert på bok vert det òg når Tatt av kvinnen har premiere. Det er Petter Næss som har regien til denne spelefilmversjonen av Erlend Loe-boka, og Trond Fausa Aurvåg er med på laget. Filmatiseringa av Varg Veum er òg klart til hausten.
Har eg gløymt noko då? Same kva, den filmen eg gler meg mest til, er for så vidt ikkje ein oppfølgjar, men på same stunda er den det lell. Eg talar sjølvsagt om The Simpsons Movie. Eg gler meg nesten like mykje til denne filmen som eg gjorde til Star Wars-filmane. Vurderer å stå i billettkø til han.